Lagar nye vanar for å redde klimaet

Desse speidarane har fått ei utfordring. I to månadar skal dei endre ein vane til det betre for klimaet. Klarar dei det, får dei eit heilt spesielt speidarmerke.

– Vi er glad naturen, og den tar vi vare på, seier speidarleiar Kari Johansson. 

I dag har speidarane i Skånevik møte, og alle står i ein stor ring for å høyre kva leiaren har å seie. Kari har laga til ei utfordring.

Nytt speidarmerke

– Vi skal ta eit nytt merke, og eg vil utfordre alle til å finne ein vane de vil endre til det betre for klimaet. Det kan ikkje vera eit klimatiltak de allereie gjer, det må vera noko nytt. Sjølv er eg ikkje så flink til å ha med handlenett når eg skal handle. Eg kjøper altfor ofte plastposar, innrømmer Kari.

– Er det nokon som har idear? spør ho.

– Eg kan spele Fortnite utan lys på rommet, seier Birk Phuangkaew Hesjedal (13).

– Å spele med lyset av var ein god ide, ler Thorbjørn Holmedal Åsheim (10).

– Eg vil heller slette Fortnite, og spele mindre, seier Mathias Opheim Rognøy (10).

– Ja, det er ein fin idé! Dykk kan også kjeldesortere noko dei vaksne heime ikkje er så flinke på, sløkke lys i rom de ikkje er i, dusje kortare eller gå til trening. Tenk på det, seier Kari.

Ho minnar alle om at dei har sagt ja til å verne naturen ved å bli med i speidaren. Det står nemleg i speidarlova. «At ein speidar kjenner naturen, og vernar om han».

Dette er utfordringane speidarane valte:

  • Ikkje kasta boss i naturen
  • Kjøpa mindre dill-dall
  • Bli vegetarianer
  • Slå av lyset på rommet
  • Bruka minst mogleg plast
  • Ete mindre kjøt
  • Ikkje hive reine klede til vask
  • Bli betre på å skru av lyset når eg går
  • Kjeldesortere betre
  • Bruka mindre plast
  • Ta bussen til trening i staden for at nokon må køyre meg