Halvard (11): – I speidaren er vi opptekne av gjenbruk

Framtida Junior snakka med speidarane Kevin (11), Caspar (10) og Halvard (11) om kva dei vil gjere for miljøet.

Kevin Ribesen (11)

Foto: Janne Nerheim

– Eg tenkjer eg vil sykle til speidaren. Noko anna eg kan tenkje meg er å unngå å bruke eingongsplast. Og gjerne bruke mindre vatn når eg dusjar. Eg tenkjer på speidaren som veldig klimavennleg. Vi syklar hit, vi er i eit gamalt bygg som ikkje blir brukt elles, vi plukkar boss, og vi er mykje ute i naturen. Elles føler eg er flink til å leike ute, og eg kjøper ikkje så mange nye leiker. Eg arvar ein god del klede frå eldre ungdommar i familien.

Caspar Bull-Tornøe (10)

Foto: Janne Nerheim

– Eg tenkjer mi utfordring skal vera å sykle til skulen. Elles leikar eg ein del ute, kjøper ikkje leiker – og så arvar eg ein del klede frå onkelen min.

 

 

 

 

Halvard Haaland Hornenes (11)

Foto: Janne Nerheim

– Eg trur eg skal velje å bli flinkare til å ta buss i staden for å be om å bli køyrd når eg skal noko. Speidaren er ein ganske miljøvennleg organisasjon i forhold til mange andre. Vi er mykje ute, og vi er opptekne av gjenbruk. Elles tenkjer eg at eg skal spørre pappa om han kan lage ei leike til meg av materiale vi har liggande – i staden for å kjøpe nytt. Han har allereie laga båtar, fly og bilar i tre til meg.