Den nye oppdaginga gjer at Saturn no er den planeten som har flest månar i solsystemet vårt. Saturn har 82 månar, medan Jupiter har 79 månar, skriv Ung.Forskning.no.
Astronomar fann månane då dei såg på gamle bilete. Astronomar er forskarar som undersøker stjerner, planetar og anna i verdsrommet.
Bileta vart tatt med eit teleskop på Hawaii. Astronomane nytta eit spesielt dataprogram for å oppdage detaljar som ikkje menneskeauga kan sjå.
Små månar
– Det var spennande å finne dei, seier astronom Scott Sheppard til avisa The Guardian. Han har vore med på å finne nye månar tidlegare, rundt andre planetar.
Dei nye månane rundt Saturn er ganske små. Dei er fem kilometer i diameter, det vil seie på tvers. Til samanlikning er jorda sin måne 3474 kilometer på tvers.