Laga skikkeleg god haustmat

Framtida junior fekk vere med på Biblo Tøyen då Smaksverkstedet var innom for å lage mat med barna.

Smaksverkstedet/Biblo Tøyen

Smaksverkstedet er eit fritidstilbod som gir matglede og matkompetanse til barn og unge gjennom ulike kurs og aktivitetar.

Biblo Tøyen er eit bibliotek for dei mellom 10 og 15 år i Oslo. Biblioteket har vunne fleire prisar. Er du i Oslo må du sjekke ut dette flotte biblioteket som også kan oppfattast som eit aktivitetshus med mange bøker i hyllene.

LES FAKTALUKK FAKTA

Sara (11), Norah (11) og Julie (11) har fått forkle og kokkehatt. På benken ligg skjerefjøla og skarpe knivar. 

Vi skal lage ei norsk suppe med smak av verda, fortel Anna Marie Israelsson. 

Ho og Ina Bergmann er instruktørar og jobbar for Smaksverkstedet som i dag besøker Biblo Tøyen i Oslo.

HAUSTMAT: Instruktør Anna Maria Israelsson saman med Sara, Norah og Julie.

Rik  C-vitamin

På menyen står ei eksotisk gulrot- og potetsuppe og scones. (Oppskrift lengre nede i saka).

Poteten har vore viktig for oss menneske gjennom historien, fortel Anna Marie. Poteten inneheld mykje C-vitamin som er godt for oss. 

Poteten er veldig fin til å lagrast over vinteren, fortel Ina. Og det er kanskje derfor poteten er så mykje brukt i norsk husmannskost.

HAUSTGRØNSAKER: Potet og gulrot er grønsaker som er perfekt å bruke no om hausten.

Suppe er enkelt å lage

Det er veldig lett å lage suppe fortel Sara, Julie og Norah. 

Ein kan putte oppi alt vi har av restar, seier Sara.

I suppa skal dei ha litt blomkål og brokkoli frå gårsdagens matkurs. Typisk haustmat er ting ein haustar inn på denne årstida. Det er gjerne gulrot, poteter, kål, lauk, neper og andre rotgrønsaker.

Ingenting blir feil når vi lagar suppe, sjølv om vi har ei oppskrift å følgje, seier Julie.

Det er vanskeleg å gjere feil, så lenge det smaker godt, fortel Norah.

Oppskrifta finn du under bilete.

KOKKELERING: Sara, Julie og Norah fekk vere med på kokkekurs saman med Smaksverkstedet på Biblo Tøyen i Oslo.

Eksotisk gulrot- og potetsuppe

Oppskrift til fire personar

  • 4 poteter
  • 4 gulrøtter
  • 2 fedd kvitlauk
  • ½ purre
  • 3 ss ferskriven ingefær
  • 2 ts spisskumin
  • 8 dl kraft med buljong
  • 1 boks kokosmjølk
  • 1 lime (safta)

Ha litt olje i ei gryte, fres grønsakene før ein heller over buljongen. Kok grønsakene møre, før ein moser alt med ein handmiksar.

Til topping

  • Frisk koriander
  • Creme Fraiche 

Server gjerne med rykande ferske scones.

VAKKER SUPPE: Slik er resultat av den eksotiske gulrot- og potetsuppa.
SUPPA SMAKAR GODT: – Det er såååå godt, seier jentene. – Kjempegodt! Her er jentene saman med instruktørane Ina Bergmann og Anna Marie Israelsson.

Likar du hausten?

Likar du hausten?

Ja115
Nei15
Veit ikkje10
Svar totalt: 140