Den store potetferien

Grunnen til at vi har haustferie kjem av noko vi nordmenn et mykje av. Nemleg poteten.

Etter andre verdskrigen var det mangel på mat og elevane måte hjelpe bøndene med å hauste inn potetene. 

(Saka held fram etter bilete).

Potetopptak på Østre Toten ved Mjøsa, 10. oktober 1974.
FOTO: Erik Thorberg / NTB / SCANPIX

Ikkje akkurat ein ferie

Derfor fekk elevane fri ei veke for å hjelpe til med arbeidet. Då heitte det ikkje haustferie, men potetferie. Sjølv om det strengt tatt ikkje var ein ferie, men meir ein jobb.

Har alle skulebarn fem dagar fri?

No er det kommunen sjølv som bestemmer om ein skal ha haustferie eller ikkje. 

Dei fleste har fem dagar haustferie. Førre veke eller denne veka.

Men nokre stadar i Nordland har dei berre tre dagar, og i troms er det to dagar. Dei skulane som har denne ordninga får dei andre fridagane seinare i skuleåret.

Likar du hausten?

Likar du hausten?

Ja115
Nei15
Veit ikkje10
Svar totalt: 140

Fakta om poteten

Poteten stammar frå Sør-Amerika. Det var spanske erobrarar som brakte poteten til Europa på 1500-talet. Ein trur at poteten kom til Noreg i ca 1740.

Poteten er ein av dei viktigaste matvarene i verda og produksjonen er på cirka 325 millionar tonn. Det finst veldig mange forskjellige poteter. Amandine, Asterix, Beate, Kers Pink og mandelpotet er nokre av dei. (Kjelde: frukt.no)

Potet på ulike språk

  • Norsk: Poteter
  • Latin: Solanum tuberosum
  • Engelsk: Potato
  • Tysk: Kartoffel
  • Fransk: Pomme de terre
  • Spansk: Patata
  • Italiensk: Patata

Tips til haustaktivitetar.