Beintøffe barn gjekk 31 gongar rundt jordkloden

Over 55 000 skoleelevar frå heile landet deltok i årets Beintøft. Til saman har deltagarane tilbakelagt over ein million bilfrie kilometer.

Her er alle vinnarane

Nasjonal vinnar (30 000 kr):
7B Bergseng skole, Harstad
Trinnvinnarar (5 000 kr):
1. trinn – 1A, Rolland skole, Bergen
2. trinn – 2, Midtbygda skule, Sør-Fron
3. trinn – 3B, Lilleborg skole, Oslo kommune
4. trinn – 4B, Steindal skole, Trondheim
5.trinn – 5B, Hafrsfjord skole, Stavanger
6. trinn – 6C, Grindhaug skole, Karmøy
7. trinn – 7A, Grøne Bråden skole, Eigersund
Fylkesvinnearar (5 000 kr):
Akershus – 7B, Åsgård skole, Ås
Aust-Agder – 6A, Frivoll skole, Grimstad
Buskerud – 6A, Sydskogen barneskole, Røyken
Finnmark – 6A, Komsa skole, Alta
Hedmark – 7A, Solvang skole, Hamar
Hordaland – 6, Lægreid skule, Eidfjord
Møre og Romsdal – 5A, Hjørungavåg skule, Hareid
Nordland – 4, Røsvik skole, Sørfold
Oppland – 5, Kolbu skole, Østre Toten
Oslo – 5C, Ullevål skole, Oslo kommune
Rogaland – 5C, Hundvåg skole, Stavanger
Sogn og Fjordane – 7, Solund barne og ungdomsskule, Solund
Telemark – 6, Tveiten skole, Notodden
Troms – 5B, Medkila skole, Harstad
Trøndelag – 5, Romolslia skole, Trondheim
Vest-Agder – 5A, Justvik skole, Kristiansand
Vestfold – 6C, Østre Halsen skole, Larvik
Østfold – 5A, Lande barneskole, Sarpsborg

LES FAKTALUKK FAKTA

Beintøft arrangerast av Miljøagentane og er Noreg største gå-til-skulen-aksjon. Gjennom kampanjen engasjerast alle elevar i landet til å gå, sykle eller reise kollektivt til skulen.

– Ved å la bilen stå heime bidreg vi til mindre forureining der vi bor, lufta blir reinare, området rundt skulen blir tryggare og det blir mindre CO₂-utslepp frå bilar, sier prosjektleiar Kaspar Tjeldflaat Steudel i Miljøagantene.

Nasjonal vinnar fekk 30.000 kroner

I løpet av september har deltagarane i gjennomsnitt runda jordkloden ein og ein halv gong kvar dag.

Den aller beste Beintøft-klassen blei 7B på Bergseng skule i Harstad. Dei får 30.000 kroner. Premien skal kome heile klassen til gode og bidra til vidare aktivitet.

I tillegg får dei beste 1. til 7. klassene nasjonalt ein premie til ein verdi av 5.000 kroner. Det samme får dei beste klassene i kvart fylke.

Vinnarar av Beintøft 2019 er 7B på Bergseng skole i Harstad. Foto: Miljøagentane.