Statsbudsjettet: Siv Jensen deler ut milliardar

I dag skal finansmininster Siv Jensen presentere planane for statsbudsjettet for 2020.

Kva er eit statsbudsjett?

Statsbudsjettet er laga av regjeringa. Statsminister Erna Solberg si regjering har i lang tid jobba med å finne ut korleis pengane i Noreg skal fordelast.

I statsbudsjettet står det skrive kva regjeringa vil bruke pengar på neste år. Milliardar av kroner skal fordelast på nye skular, sjukehus, politi, kino, symjehallar og vegar, ja, alt som ein treng pengar til for å halde Noreg i gang.

Før statsbudsjettet skal gjelde må Stortinget godkjenne budsjettet.

Framtida junior vil kome med saker knytta til statsbudsjetet som gjeld skule, barn og fritid. Dette kjem først etter at statsbudsjettet er lagt ut.