I september skal over 47.300 skuleelevar konkurrere i å reise miljøvennleg til skulen.
– Målet med Beintøft er å inspirere til å gå, sykle eller reise kollektivt til skulen. På denne måten er barn med på å forureine mindre, skape tryggare skulevegar, få betre helse og ikkje minst ta vare på naturen, seier prosjektleiar Kaspar Tjeldflaat Steudel i Miljøagentane i ei pressemelding.
Saka held fram under bilete.
Tøff konkurranse
Beintøft varer frå 2. til 29. september og er Miljøagentane sin kampanje. Alle skuleklassar frå 1. til 7. trinn vil konkurrere om å vinne 30.000 kroner til klassekassen.