Jakob (12) er valt til leiar av Barnas klimapanel

Barn frå heile landet har stemt fram Barnas klimapanel for 2023 og valt inn åtte barn og unge i det nye panelet.

Om Miljøagentene
  • 
Miljøagentane er barna sin eigen miljøvernorganisasjon, med rundt 10.000 barn som medlemmer og lokallag i heile landet.
  • Jobbar for å gi barn trua på seg sjølv, framtida og at det nyttar å gjera noko.
  • Miljøagentane ønskjer eit reinare miljø og ei tryggare framtid for jorda og menneska som bur på ho. Mottoet til organisasjonen er «Med rett til å seia frå».
  • Meir info om Miljøagentene: www.miljoagentene.no.
  • Barnas klimapanel er sett saman av jenter og gutar frå heile landet, som er demokratisk valt av andre barn. Barn som er medlemmer i Miljøagentene, har stemmerett i valet som går føre seg digitalt.
LES FAKTALUKK FAKTA

Saman skal det nye panelet jobba for at barn og unges stemme blir høyrd i blir høyrd i klima- og miljøsaker.

– Eg håpar eg kan gjera ein god jobb for barn og unge! Det er fint å få tillit, det blir spennande å vera leiar for Barnas klimapanel. Alt blir på ein måte meir høgtideleg når det skjer på Eidsvoll, seier Jakob om den nye rolla si som leiar for Barnas klimapanel. Det er hans tredje år i panelet.

Dei som er valde inn i årets panel er Anna (11) frå Stjørdal, Hallvard (11) frå Oslo, Jakob (12) frå Gloppen, Johanna (13) frå Rørvik, Lovisa (13) frå Verdal, Maria (12) frå Oslo, Nikolai (13) frå Trondheim og Viljar (12) frå Porsgrunn. Her er dei på besøk på Eidsvoll, der grunnlova vår blei laga. Foto: Wanda Nordstrøm

Barn har rett til å seia frå

Barnas klimapanel snakkar for barn i klima- og miljøsaker og vart oppretta av Miljøagentene i 2015. Panelet deltek på internasjonale klimatoppmøte, møter politikarar og formidlar barns meiningar om miljø og klima. Kvart år lagar panelet ein rapport basert på innspel og meiningar frå barn i heile Noreg. Den nyaste rapporten vart lansert i haust og har tittelen «Når skal de byrja å lytta?».

– Eg skal hjelpa til med å laga ein fin rapport om kva barn i Noreg synest i 2023. Eg vil bli teke på alvor, det handlar om jorda me overtek, fortel Lovisa frå Verdal. Ho vart vald til nestleiar for Barnas klimapanel.

Deltek på FNs klimatoppmøte

På planen for Barnas klimapanel i 2023 står fleire spennande møte med politikarar og til hausten skal klimapanelet etter planen reisa til FNs klimatoppmøte i Dei sameinte arabiske emirata. Dét og andre politikarmøte gler dei alle seg veldig til.

– Det var interessant og lærerikt å møta Lan Marie Berg på Stortinget no i februar òg. Om me kan påverka berre ein av stortingspolitikarane i ein positiv, klimavennleg retning, så er det bra, seier Jakob avsluttande.