Prinsen blei erta for å danse ballett

TV-vert erta prins George for å danse ballett. Det skapte Instagram-bevegelsen #boysdancetoo.

Ertinga førte til at 300 dansarar nyleg møtte opp på dansetime på Times Square i New York, i protest mot mobbing av gutar som dansar, skriv Aftenposten.no.

Mange blei provosert

«Prins William seier at George elskar ballett. Eg har nyhende til deg Prins William: Vi får sjå kor lenge det varer», sa TV-verten Lara Spencer i programmet «Good Morning America» på ABC. TV-kanalen hadde laga eit innslag om prinsen sin skulestart.

Timeplanen til prinsen inneheld nemleg mellom anna dataprogrammering, poesi og ballet. At det vart dansinga som gjorde at TV-verten prøvde å vera morosam, provoserte dansarar over heile verda.

#boysdancetoo

I helga gjekk emneknaggen #boysdancetoo som ein farsott på sosiale medier. Gjennom emneknaggen signaliserer dansarar frå heile verda at dei er stolte av interessa si.

Måndag møtte 300 dansarar opp til dansetime på Times Square i hjarta av New York. Det er der studioet til TV-kanalen «Good Morning America»ligg.

TV-verten har no tatt kritikken alvorleg. Ho seier ho er lei seg for kommentaren og har unnskyldt seg både på Instagram og på TV.