Bølgja av klimamarkeringar kom etter at den då 15 år gamle svenske Greta Thunberg streika utanfor Riksdagen kvar fredag. Folk frå heile verda viste same engasjement. Også her i Noreg.
22. mars i år gjekk 40 000 ungdommar ut i skulestreik for klima. Det blei historias største ungdomsdemonstrasjon i Noreg. Krava som dei streikande hadde blei ikkje innfridd av Stortinget. Derfor blir det ny streik 30. august.
– Det er viktig å streike no, for sjølv om barn og unge ikkje har stemmerett er det viktig å vise dei vaksne at det er di framtid dei no går til val om 9. september. Fortel at du er lei av å ikkje bli høyrt, seier Gaute Eiterjord til Framtida junior.
Natur og Ungdom går til streik for dei har ikkje fått gjennomslag i Stortinget etter dei to førre streikane dei har hatt.
– Stortinget vil mellom anna framleis leite etter olje. Klimastreiken er viktig for å påverke valet.
Det er ikkje sikkert andre på skulen din skal streike. I så fall har Gaute eit råd.
– Er det berre du på din skule som vil streike, så bør du gjere det. Sjå berre korleis det gjekk med Greta Thunberg. Det gir uansett eitt inntrykk til lokalpolitikarane.
Gaute sine tips til deg som vil streike:
- Lag gode plakatar. Finn fram gamle pizzakartongar og skriv det du vil seie til politikarane.
- Snakk med lokalavisa og bruk sosiale medium. Få ut bodskapen!
- Snakk med vaksne om kvifor du vil streike, og få dei gjerne med deg til å halde vakt.
- Viktig at streiken blir gjort på ein ryddig måte. Vis respekt, og pass på så du ikkje forsøplar.