Stortinget avviser streikerett for elevar

No er det klart at Stortinget sin utdanningskomité ikkje vil støtte forslaget om at elevar kan streike utan å få fråvere.

Une Bastholm i Miljøpartiet de Grønne kom med eit forslag om at elevar bør få rett til å streike, innan visse rammer. Forslaget handla om at elevar som kan dokumentere at dei har delteke i streik, bør få sleppe fråvere for desse timane.

No er det klart at Stortinget sin utdanningskomité ikkje vil støtte forslaget.

– Arrogant overfor dei unge, seier Une Bastholm (MDG) til VG.