– Slik kan du halda på motivasjonen i klimasaka

Christian Palacios Haugestad har forska på kva som motiverer unge til å delta i skulestreikar for klimaet.

– Me som jobbar med psykologi er opptekne av kvart enkelt menneske. Kva motiverer oss? spør Christian som er forskar på Universitetet i Oslo.

Han har spurt mange unge som har streika for klimaet, om nettopp det.

– Mange eg snakka med er usikre på om dei små tinga dei gjer for klimaet i kvardagen er nok. Dei er lei av at alt handlar om kva kvar og ein skal gjera åleine. Dei saknar store politiske vedtak, fortel Christian.

Finn motivasjon i andre

Forskaren fann også ut kor mange hentar motivasjon til å kjempa for klimaet.

– Mange finn motivasjon i at fleire er bekymra for det same. Det å vera ein del av ein streik, av eit sterkt fellesskap, motiverer dei.

Då Greta Thunberg sette i gong å streika for klimaet i 2018, var det noko nytt ved det.

– Fridays for Future blei ein bevegelse som gav folk kjensla av å få til noko saman. Følelsen av at me er mange, og me står saman. Media skreiv om det, og dei unge blei endå meir motiverte då politikarane fekk det med seg, fortel Christian.

Ferskvare

Etter koronapandemien kom har klimastreikane vorte sjeldnare.

– Motivasjon er ferskvare. Det må haldast oppe. Mange seier det er mindre engasjement no. Dei har mindre motivasjon. Mange bekymrar seg også for andre ting, seier Christian.

Han snakkar ofte med vaksne som jobbar med barn. For eksempel lærarar.

– Eit råd eg ofte gir er å køyra ein faktasjekkrunde med barn som er veldig bekymra. Det er mykje som går ganske gale, men det er også viktig å hugsa at det er mange flinke folk på saka. Me må ikkje gløyma at det skjer mykje bra! seier han.

Greta Thunberg

Greta Thunberg har skulestreika over 200 fredagar.

– Det er imponerande! Eg tenkjer ho blir motivert av å vera ein del av eit fellesskap. Når ein har sagt til vener og familie at ein vil kjempa for klimasaka, følger folk rundt med. Då vil ein gjera det ein kan for å halda fast ved det ein har sagt, seier Christian.

Forskaren sine tips til å halda motivasjonen oppe:

  • Engasjer deg i lag med andre. I Miljøagentane, for eksempel.
  • Gjer noko aktivt. Lag ei innsamling, lag loppis, sel noko til inntekt for miljøarbeid. Det er viktig å kjenna at ein har noko konkret ein kan gjera. Alle monnar drar. Følelsen av å gjera noko aktivt er viktig.
  • Viss du for eksempel byggjer eit biehotell, ser du effekten med ein gong. Det gir motivasjon!
  • Vel eit prosjekt som du satsar på. Det kan vera matsvinn, arveklede eller å plukka søppel.
  • Ver snill med deg sjølv. Det er heilt naturleg å kjenna at motivasjonen går opp og ned. Ingen er perfekte, og det skal me ikkje vera heller.