Varslar ny klimastreik 24. april

No mobiliserer ungdomsorganisasjonane KFUK-KFUM Global, Spire, Natur og Ungdom, World Saving Hustle og Changemaker til ny skulestreik.

Dei meiner det framleis er ein «enorm avstand» mellom politikarane sine løfter og krava skuleelevane som streika fleire gonger i 2019. Datoen er sett til 24. april, ikkje berre i Noreg, men også internasjonalt.

Krava er:

  • Kutte 55 prosent av norske utslepp innan 2030
  • Ingen nye leitelisensar til olje og gass
  • Vis internasjonal solidaritet for klimastreikarar: Noreg må gi 65 milliardar kroner i klimafinansiering årleg – og ingen klimastreikarar må bli forfulgt av sine styresmakter
  • Stans tapet av naturmangfaldet

LES OGSÅ: Greta Thunberg møtte tidlegare fredsprisvinnar Malala