Luna er frå ein svært truga art

Luna er ein hunn-rødpanda. Det er ein svært truga art.

Fakta om rødpanda og truga artar:

Fakta om rødpanda:

  • Rød panda eller rødpanda, også kalla «kattebjørn» og «liten panda», er eit hundeliknande rovpattedyr frå Himalaya i Asia.
  • Rødpandaen har sidan 2015 stått på IUCNs si raudliste over svært truga artar.
  • Han et bambuslauv og nyttar cirka 13 timar kvar dag til å ete bambus.
  • Rød panda kan bli opp mot 17,5 år i naturen. Den lev sjeldan meir enn 8-10 år i fangenskap.

(Kjelde: Wikipedia)

 

Fakta om truga artar:

  • Meir enn 27.000 artar er truga i verda,
  • Cirka 3000 dyr, planter og andre artar er truga i Noreg.
  • Verdas 10 mest truga dyr er kjempepanda, javanesisk nasehorn, monarksommarfugl, fjellgorilla, tunfisk, havlærskilpadde, magellanpingvin, stillehavskvalross, isbjørn og tiger.

    F

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det har vore veldig viktig å få eit nytt avlspar, slik at det kan kome unger etter kvart, seier biolog Helene Axelsen i Dyreparken til Fædrelandsvennen.

Det er for seint til at ungane kan komme i år.

– Til neste år håpar vi at det kan kome ungar, seier ho.

Liten flokk

Etter at den einaste hunn-rødpandaen i Dyreparken vart sjuk og døydde i fjor, blei det berre to hannar att i flokken.

No er endeleg Luna på plass. Ho kom frå dyreparken Nordens Ark i Sverige.