Amalie og Nora viser kule trampolinetriks

Amalie Moe Tungesvik (10) og Nora Funderud (10) viser deg fleire trampolinetriks du kan øve på i sommar.

Uansett kva triks du skal lære deg er det lurt å starte forsiktig, seier Nora.

Ho starta å hoppe på trampoline lenge før ho starta på turn då ho var sju år.

Trampolinen fekk eg som premie då eg slutta med bleier i barnehagen, fortel ho.

Amalie har også hatt trampoline lenge.

Vi fekk trampoline då eg var seks år. Det var då eg starta på turn, fortel ho.

Hoppar ofte

Dei bruker begge mykje tid på å meistre kule triks på trampolina. Dei hoppar ofte, nesten kvar dag.

Amalie kan mange triks, men det er spesielt eitt ho likar aller best.

Halvskru er min favoritt. Det er ein strak salto der du skrur deg i lufta, fortel ho.

Nora likar best eit triks som heiter aerial.

Det er hjul i lufta, men utan samla bein. Du er ikkje nede i bakken med hendene, fortel ho.

Viktig å vera forsiktig

Dei er veldig forsiktige når dei øver seg opp til nye triks:

Det viktigaste er å ikkje lande på nakken, seier Nora.

Viss du ikkje er sikker på at du klarar det, bør du ikkje gjere trikset før du har øvd lenge. Du må starte i det små, seier Amalie.

Ikkje start med vanskelege triks, seier Amalie som sjølv starta med å slå hjul.

Vil lære meir

Begge jentene har triks dei ikkje kjenner seg heilt trygg på enno.

Eg vil jobbe meir med flick flack. Det er stift baklengs, seier Nora.
Eg kan kun back flip på turn, men ikkje heime på trampolina. Back flip er baklengs salto, seier Amalie.

Dei er nøye på at det er trenarar med sikringskurs som må hjelpe dei når dei skal øve på triks dei ikkje er trygge på.

Foto: Janne Nerheim