Ser du eit mønster i saueflokken?

Forskarar trur dei veit kvifor sauene spring rundt på eit merkeleg vis.

«Dei oppfører seg som ein saueflokk!» er noko vi seier viss nokon berre gjer som andre, utan å tenkje sjølv. Ein ekte saueflokk er litt annleis, skriv Ung.Forskning.no.

I videoen kan du sjå at sauene gjer noko heilt spesielt. Fyrst går sauene rundt for seg sjølv, men plutseleg spring dei mot kvarandre og blir ein tett flokk. Så går dei kvar for seg igjen. Forskarar frå Storbritannia og Frankrike meiner dei har funne ut kvifor dei gjer dette.

Mystisk mønster

Forskarane har sett på sauer i mange timar, medan dei satt i eit tårn. Dei la merke til at sauene beveger seg i eit mønster.

Forskarane trur det er to ting som er viktig for sauer: Å kjenne seg trygge i ein flokk og skjerme seg mot rovdyr, og å få mest mogleg gras for seg sjølv. Kanskje det er difor dei spring saman for å vera trygge, så vekk for å skaffe seg gras åleine. Så saman, og så åleine.

VIDEO FRÅ UNG.FORSKNING.NO: