Ingrid Synnøve har 338 lam

Om våren vert det født mange lam. Nokre mødre døyr, vert sjuke eller har ikkje nok mjølk til lamma sine. Då må Ingrid Synnøve (7) trø til.

Fakta om flaskelam
  • Søyer som får mange lam har ikkje alltid nok mjølk til alle. Då må dei få flaske for å klare seg.
  • I situasjonar der søya døyr eller vert sjuk er det også nødvendig å gje lam flaske med mjølk.
  • Dersom eit lam mister mor si prøver mange bønder å gje lammet til ei mor som berre har fått eitt lam.
  • Viss søya har fått mange lam, er det mange bønder som vel å ta vekk eit lam frå mora. Dette lammet får heller mjølk frå flaske. Dette blir gjort for at ikkje søya skal bli sjuk.

(Kjelde: Animalia)

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er kjempegøy med flaskelam! Eg likar å gje dei mjølk, kose med dei, og halde dei i armane mine, fortel Ingrid Synnøve.
Ho spring innover i fjosen. Ein sau her og der stikk hovudet ut mellom gjerdet.

SMÅ LAM: Dei minste må ofte få mest mjølk, seier Ingrid Synnøve. Foto: Janne Nerheim

Stor gard

På garden er det heile 175 sauer, og det blir det mange lam av! Det er mykje lyd i fjosen. Sauene og lamma brekar i kor.
– Vi har fått 338 lam i år! Av desse er det 15 flaskelam. Men vi får snart 10 flaskelam til – for vi må ta nokre av lamma vekk frå mødrene sine. Det er jo kjekkast når dei går med mor si, men vi må sjå om mødrene tåler tre lam på ein gong. Dei kan bli sjuke om det blir for mykje for dei, fortel Ingrid Synnøve si mor, Silje Malene Garvik.
Så lenge mor er innandørs får lamma vera saman med mora.

PÅ BESØK: Aslaug Johansson (6) har vore på besøk hos Ingrid Synnøve og lamma veldig ofte den siste tida. – Eg har vore med på å finne namn til dei, seier Aslaug. Foto: Janne Nerheim

Mange flasker

No må familien gje mjølk til flaskelamma fleire gongar om dagen.
– Mamma har lært meg kor mykje vi skal gje dei ulike lamma. Det er viktigast at dei minste får nok mjølk, seier Ingrid Synnøve.
Men snart skal det bli enklare å mate lamma.
– Vi skal snart ta i bruk ein automat med mjølkepulver. Den blandar mjølk etter kvar som lamma treng det – og den har ein tut dei kan suge frå, fortel pappa Knut Erik.

Jordmor

Ingrid Synnøve var også med under nokre av fødslane.
– Det var rart å sjå på. Det er merkeleg at det kjem ein heil pose ut av mora. Med lammet inni! Og det er rart at mora sleikar av posen. Av og til må vi dra i den slik at det blir hol. Elles kjem ikkje lammet seg ut, fortel Ingrid Synnøve.

FLASKELAM: Silje-Malene Garvik er Ingrid Synnøve si mor. Ho fortel at dei har fått heile 338 lam i år. Foto: Janne Nerheim

Slakt til hausten

Etter kvar som lamma blir store og sterke, får dei komme ut på beite. Der blir dei gåande fram til september eller oktober. Då er det tid for slakt.
– Då må vi slakte nesten alle lamma. I tillegg blir cirka 30 gamle sauer slakta. Ungane er opptekne av at dei flaskelamma dei kosar mest med skal få leve videre. Vi tek vare på cirka 30 lam, så favorittlammet frå i fjor er i fjosen no, fortel mamma Silje Malene.
– Det er trist når lam blir slakta, seier Ingrid Synnøve.
– Ja, men det er jo slik det er. Det er sjølvsagt trist, men slik er det å bu på gard, sier Silje Malene.

 

TØRSTE: Dette er to av 25 lam som treng ekstra mjølk og kjærleik frå Ingrid Synnøve og familien. Foto: Janne Nerheim
FULL FART: Det er mykje lyd i fjosen. Sauene og lamma brekar i kor. Foto: Janne Nerheim
BEITE: Den dagen Framtida Junior er på besøk skal mange av sauene og lamma ut på beite. Foto: Janne Nerheim