Takk humla for kvar tredje matbit

Utan humler og bier ville store delar av verdas matproduksjon kollapse.

Vi kan takke humlene og biene for kvar tredje matbit vi et, skriv Naturvernforbundet.

Humler er særleg viktige her i nord. Det er humla vi må takke for at vi har blåbær i skogen, at plantene i høgfjellet veks, og at vi har norske eple, agurkar og tomater.

Foto: Pixabay

Plant blomar humla er glad i

Har du ein hage eller balkong kan du hjelpe humlene ved å plante planter humlene likar. På balkongen kan du plante lyng, krokus, lavendel, prestekrager, blomkarse og urteplanter. I hagen kan du plante eit bed med lavendel, krokus, forglemmegei og blåklokker.

6 artar i fare

Foto: Pixabay

Noreg har eit rikt mangfald av humler og heile 35 av verdas cirka 250 artar er i landet vårt. Heile 14 prosent av verdas humleartar finst her. Difor har vi eit spesielt ansvar for å ta vare på humlene. Men det hastar. 6 av Noregs 34 artar er i fare, melder Naturvernforbundet.