Framtidajunior Visste du at? NASA opnar romstasjonen for turistar frå 2020
ROMSTASJON: Dette er Den internasjonale romstasjonen (ISS). Foto: NASA / Public domain

NASA opnar romstasjonen for turistar frå 2020

Private astronautar må ut med godt over 300.000 kroner døgnet for eit opphald på inntil 30 dagar. Men du må syta for eigen transport.

NASA vil opne Den internasjonale romstasjonen (ISS) for turisttrafikk frå 2020. Men billeg blir det ikkje, skriv Framtida.no. Det var NPK-NTB som fyrst omtala saka. 

To turar årleg

NASA planlegg i første omgang to tur-retur-reiser årleg. Opphaldet på romstasjonen skal kunne vare i opptil 30 dagar, og dei private astronautane må ut med 35.000 dollar, godt over 300.000 kroner, per døgn.

I tillegg må den som ønsker seg ein romtur, ordne med transport sjølv. NASA vil ikkje stå for reisa for verken privatpersonar eller bedrifter. Det vil derimot selskapa Space-X og Boeing, etter å ha fått løyve av NASA til å fly mellom romstasjonen og jorda.

Ein tur-retur-billett med eitt av desse selskapa vil koste om lag 500.000 kroner.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR