Super-salamanderen kan lage seg nye kroppsdelar

Den meksikanske axolotlsalamanderen kan lage seg ein ny kroppsdel om den blir skada.

– Salamanderen er verdskjend fordi den kan regenerere kroppsdelane sine, fortel Tobias Wang, professor i dyrefysiologi ved Aarhus Universitet til Forskning.no.

Å regenerere ein kroppsdel tyder at dyret lagar seg ein ny kroppsdel på naturleg vis.

Det er ikkje heilt ukjend at dyr kan gjere dette, det er nemleg nokre få andre dyr som har same evner som salamanderen. Til dømes den vesle sebrafisken kan lage seg ein ny hale eller finner om den vert skada.

Menneske kan også reparere

Vi menneske har også evnen til å reparere oss sjølv, til dømes knoklar og hud. Men salamanderen gjer dette med mange fleire ting enn oss. Den kan la armar, bein og gjeller vokse ut att. Den kan også reparere skadar på hjarte og hjerne.

Axolotl-salamanderen lev i holer i Mexico, men dei blir også heldt fanga fleire stader i verda av forskarar. Dei er nemleg interessert i undersøkje dyra nøye. Forskarane undrar på om det er mogleg å overføre desse evnene til oss menneske.

Det var Videnskab.dk som fyrst omtala saka.