Les om då Framtida Junior lurte 2. klasse på Skånevik skule her!
Slik kan du lure vener og familie:
- Vask og tørk egget.
- Lag eit lite hol i egga med ein skarp kniv.
- Bruk ei spiss saks til å klippe vekk små bitar i holet, slik at det vert litt større. Be gjerne ein vaksen om hjelp.
- Ta fram ei skål du kan ha under når du pirkar ut innhaldet i egga.
- Bruk ein tannpirkar til å stikke hol på plomma i egga. Slik at også den kjem ut.
- Vask egga i kaldt vatn.
- Legg egga i ein kjele, fyll opp med kaldt vatn. Før du set på varme på kokeplata er det lurt å senke egga ned i vatnet. Det gjer du ved å stikke ein tannpirkar inn i holet og dra egget ned mot botnen på kjelen. Då kjem det luftbobler opp til overflata, og når det ikkje kjem bobler meir, kan du sette på varme på plata.
- Kok opp. La koke i cirka fem minutt slik at alle bakteriar forsvinn.
- Medan egga koker kan du lage gelé (kjøp ein pakke på butikken og følg oppskrifta – få gjerne hjelp av ein vaksen å koke geléen).
- La geléen kjøle seg litt ned.
- Bruk ei lita trakt til å fylle opp egga. Har du ikkje trakt, kan du fylle ei skål med gelé og legge egga i geléen. Då skjer det same som då du skulle koke egga. Det kjem bobler. Egga er fylt med gelé når det sluttar å boble.
- Sett egga i kjøleskapet i cirka to timar, slik at geléen blir stiv.
- Egga er klare. Hugs å snu dei opp ned i eggekartongen når du skal lure nokon!
- Server gjerne med vaniljesaus!