Framtida Junior lurte 2. klasse på Skånevik skule

Viss det kom to journalistar på besøk til klassen din, og sa du skulle få ete rå egg. Kva hadde du sagt då?

Juniorjournalist Elea Nerheim Myrtvedt deler ut papptallerknar og skeier. 2. klasse på Skånevik skule veit at dei skal få besøk av Framtida Junior, men vi har lurt dei. Vi har sagt at vi skal lage ei sak om rå egg til påske. Men det ingen veit er at det er egg fylt med gelé som ligg i eggekartongen.

Kva? Skal vi ete rå egg?, ropar Lucas Matre Maage (8) då han ser vi løftar opp ein pakke med egg.

Dei andre legg også merke til pakken. Ein etter ein skjer dei grimasar.

I dag skal vi prøve å smake på rå egg, seier juniorjournalist Elea.

Klassen ser på ho med store auge. Skal dei verkeleg måtte smake på rå egg?

Det er så sunt! seier Elea overbevisande.

Overrasking

Lærar Annette Ebne deler ut egga, og alle får beskjed om å kakke egget med ein gong dei får det.

Kva er dette? spør Milla Holmedal Åsheim (7). Ho ser med undring på holet i egget på tallerkenen.

Det er eit hol i egget mitt! utbryt Johannes Winterthun (7).

Det er noko inni egget, ler Anna Garvik Arefjord (7).

Æsj, seier Lucas.

Ungane kikkar ned i holet. Nokon har fått rødt innhald, andre blått eller gult. Men ingen forstår kva dette er før dei pirkar vekk litt skal. Fargerik gelé kjem til syne.

Det er jo gelé! ropar Milla som var den fyrste som fekk egg utdelt.

Alle plukkar ivrig vekk alle skalbitar. Stort sett går det greitt å ta vekk skalet, men nokon strevar litt. Til slutt ligg det gelé på alle tallerkenar.

Er det nokon som vil ha vaniljesaus på, spør juniorjournalist Elea.

Ja! ropar heile klassen.

Geléen glir ned i 14 magar.

Elskar gelé

Korleis var det å ete geléegg? spør juniorjournalisten.

Dei var veldig godt!, seier Jonas Lygre (8).

Eg elskar gelé!, fortel Johannes.

Det var ein gul kylling med nebb i mitt egg! ropar Anna.

Heile klassen ler. Det var noko gult, men neppe noko nebb inni der.

Eg vart overraska over at det var gelé inni, fortel Marta Majer (7).

Ja, det var kjempegodt! seier Juliana Haga Bull-Tornøe (7).

Eg vil lage slike egg og lure familien min, ler Leander Funderud (7).