Batterijakta er i gang

Miljøagentane arrangerer Batterijakta frå 11. til 31. mars. Ein skuleaksjon for 4. klassingar i heile Noreg.

Batterijakta er ein klassekonkurranse for 4. trinn, der elevane skal samle inn brukte batteri og levere dei til gjenvinning. Då sørgjer dei for at dei gamle batteria kjem til nytte i staden for at dei hamnar i søpla, eller endå verre – i naturen.

Kampanjen skal bidra til eit større miljøengasjement i skule og lokalsamfunn, og er eit samarbeid mellom Miljøagentane, Clas Ohlson, Batteriretur og Varta.

Her kan skulen registrere seg