Vil hjelpe villbiene med 10 000 biehus

Miljøagentane og Sunniva skal hjelpe villbiene i Noreg. Målet er å plassere 10 000 biehjus rundt om i heile landet, slik at dei små heltane kan vekse i antal og fortsetje sitt livsviktige arbeid.

Biene er viktige for livet på jorda. Dei pollinerer blomar og plantar og skapar liv for både menneske og dyr. Talet på villbier synk raskt, og no vil Miljøagentene og Sunniva motivere alle til å gjere ein innsats for biene.

MILJØAGENTAR: Vera Alme og Sigrid H. Indregard set ut biehus. (foto: Miljøagentene)

Viktig hjelp

– Vi kan hjelpe biene! Mange artar er kritisk truga, så dei treng fleire stadar der dei kan bu og leggje egg. Får dei det, vil også talet auge. Derfor ber vi no heile landet om hjelp til å plassere biehus i sitt nærmiljø, seier dagleg leiar Are Ahaw Waage i Miljøagentene, som er barna sin eigen miljøorganisasjon.

Gratis biehus

Boligdugnade for dei flittige innsekta er enkel å vere med på. Ein kan enten bestille eit gratis biehus her, men ein kan også enkelt lage sitt eige hus. Plasser biehuset på balkongen, i hagen, parken eller i ein skog. Sørg for at det får sol på seg, er skjerma og at plantar veks i nærleiken.

Biehusa er laga av furu og er nedbrytbare. Huset ser ut som ein juicekartong.

– Biene er fødselshjelp for alt grønt liv. Dei sikrar at verda får frukt, grønsaker og bær. Vi haustar frå naturen når vi lagar juice og vil gjerne gi noko attende. Bier finst i heile Noreg, derfor treng dei hjelp frå alle, uansett kor i landet du bur, seier Sinnes Abrahamsen som jobbar i Sunniva og som lagar juice.