DEL 2: Kven forureinar mest?

BYGD: Sarah (10) og Nasteho (10) bur i Etne. I bygda bur litt over tusen innbyggarar. Når jentene høyrer orda klima og miljø dukkar ord som plast, kjeldesortering, miljøagentar og truga dyreartar opp.

Transport på bygda

I Etne går det buss, men ikkje så ofte.

– Vi har ikkje bil, så eg går både til skulen og heim att. Eg bur veldig nær skulen, og går også når eg skal til fotballtrening, seier Nasteho.

– Der vi budde før reiste eg med buss til skulen, og så tok vi taxi heim att. Men no, etter eg flytta, blir eg som regel køyrd med bil. Eg hadde brukt cirka 40 minutt på å gå til skulen. Men eg går alltid heim, fortel Sarah.

  • LES OGSÅ: BY – Dette gjer vi
  • LES OGSÅ: Konklusjon – kven forureinar mest

Kjeldesortering

I bygda har dei søppeldunkar med ulike fargar til kjelsesortering.

– Viss eg ikkje veit kor eg skal kaste det, spør eg mamma, fortel Sarah.

Kva kan vi bli betre på?

– Dei fleste i klassen vår er miljøagentar. Vi passar på at folk ikkje kastar søppel i naturen, og plukkar sjølv. Viss noko ligg i sjøen no på vinteren, hentar eg det ikkje. Det blir for kaldt å bade, ler Sarah.

Dei er begge einige om at fleire søppeldunkar plassert rundt omkring hadde vore fint.

Ho har også lagt merke til at det er mange produkt i butikken som er pakka i mykje plast.

– Mykje frukt og grønt er pakka i plast. Det treng vi ikkje, seier ho.

Kvifor er det viktig å ta vare på miljøet?

– Vi må ta vare på naturen, slik at dyra ikkje døyr. Slik som biene. Dei er livsviktige for oss. Dessutan kan dyr døy av å få plast i seg, slik som den kvalen som hadde masse plast i magen, seier Sarah.

– Ja, det  handlar jo i grunn om at vi må hindre at det skjer noko gale med jorda vår, seier Nasteho.