PLASTFRI BURSDAG: – Eg vil ikkje at jorda skal bli øydelagt

Bjarte, Mari, og Ine ønskjer seg minst mogleg plast neste gong dei har bursdag.

Bjarte Berge Lillegraven (11)

Bruker du eingongsplast når du har bursdag?

Av og til, men vi bruker ikkje så mykje plast. Det blir mest papp. Vi har brukt pastgaflar, nokre få ballongar. Ellers har vi vanlege glas og tallerkenar, AV og til bruker vi papirsugerøyr, men vi har også berre droppa ha bruke sugerøyr.

Vil du bruke plast i din neste bursdag?

Nei.

Er det fordi du tenkjer på miljøet du vil bruke mindre plast?

Ja, eg tenkjer på det. Eg vil ikkje at jorda skal bli øydelagt.

Mari Haug Saltnes (11)

Bruker du eingongsplast når du har bursdag?

Vi bruker mest plast. Pappkoppar, papptallerkenar, papirduk og pynt av papir. Vi hadde heller ikkje sugerøyr av plast – men vi brukte plastbestikk. Så hadde vi ballongar.

Vil du bruke plast i din neste bursdag?

Nei.

Er det fordi du tenkjer på miljøet du vil bruke mindre plast?

Eg vil ikkje vera med på å øydeleggja jorda. Vi vil jo ikkje at jorda skal bli øydelagt av plastsøppel.

Ine Hansen Lysne (10)

Bruker du eingongsplast når du har bursdag?

Ja, det spørst. Vi har brukt mest papp tidlegare. Vi har papirsugerøyr, pappkoppar, papptallerkenar. Men vi bruker plastbestikk. Det er vanskeleg å unngå all plast. Eg har jo prøvd å gå på butikken for å kjøpe lunsj utan plast, men det er ikkje enkelt!

Vil du bruke plast i din neste bursdag?

Eg kjem nok til å gjere det, men eg treng jo ikkje bruke så mykje. Men eg trur det vil bli litt.

Er det fordi du tenkjer på miljøet du vil bruke mindre plast?

Ja. Før tenkte eg lite på miljøet, men no i det siste har eg sett kva som skjer med naturen når vi bruker plast. Eg har sett det i havet, og eg har høyrt at det snart er meir plast enn fisk i havet. Naturen er så fin, og det er dumt om vi fyller den med plast. Dyra har det ikkje bra då. Slik som den kvalen på Sotra som hadde plast i magen.