Forskar fortel: Plastfri bursdag

Forskaren Andy testa plastfri bursdag for barna sine.

Andy Booth er forskar ved Sintef Ocean i Trondheim, og jobbar med å finne ut av kva mikroplast gjer med livet i havet. For å oppfordre andre til å redusere bruken av plast, bruker han minst mogleg sjølv også. Då eit av barna hans hadde bursdag i fjor, prøvde familien å ha plastfri bursdag.

  • LES MEIR: PLASTFRI BURSDAG: – Eg vil ikkje at jorda skal bli øydelagt

– Vi laga til plastfri bursdag for barna mine, og det gjekk heilt fint! Vi brukte tallerknar av papp og metallbestikk til maten, og papirdekorasjonar, papirhattar, papirsugerør, godteriposar av papir og papirduk til festbordet, fortel Andy.

MEIR OPPVASK: – Det var fullt mogleg å redusere bruken av plast. Det blir jo meir oppvask, men vi var einige om at det var verdt det, fortel forskar-Andy. FOTO: Privat

Utfordringar

– Vi møtte på to utfordringar. Brusflasker var den eine av dei, men vi har heldigvis ei god panteordning i Noreg, så det er bra vi kan bruke den. Vi kjøpte ei saftflaske i staden, då vart det berre ei flaske i staden for mange brusflasker, fortel han.

Familien merka også at det var vanskeleg å unngå at mat kom innpakka i plast.

– Vi laga pasta, men det kom jo i plastemballasje. Mange produsenter nyttar plast for at maten skal halde seg frisk lenger. Matsvinnet hadde nok vore mykje større om ein del av denne maten ikkje var pakka slik, så dette var ikkje noko vi kunne unngå.

Meir oppvask

– Det var fullt mogleg å redusere bruken av plast. Det blir jo meir oppvask, men vi var einige om at det var verdt det. Resultatet blei at vi klarte å redusere kraftig på bruken av plast, fortel Andy.