Anna (7) har høner og haner i hagen

– Av og til kiker dyra inn stovevindauga når vi et middag. Dei står liksom berre der og pikkar på vindauga med nebba.

Anna Garvik Arefjord fekk ein flokk med flaksande høner i hagen i fjor sommar.

Mamma og pappa bestemte at dei skulle komme til oss. Det var gøy! Før dyra flytta inn, snakka vi om at vi må gi dei mat kvar dag. Det skulle eg hjelpe til med, fortel Anna.

Hønene får mat ein eller to gonger om dagen.

Då et dei mais og middagsrestar. Og hønsefór.

MYKJE KOS: Då hønene og hanane flytta inn i hagen måtte Anna kose med dei så mykje som mogleg. – Det var for å temme dei. Slik at dei skulle bli snille, fortel Anna. FOTO: Privat

Frittgåande

Hønene tuslar fritt rundt i hagen, dei har ein stor plen og fleire berg og steinar dei kan boltre seg på. Dei har også eit hus som familien reinsar i ein gong i veka.

Dei spring ikkje vekk, eg trur det er fordi dei kjenner seg trygge her, fortel Anna.

Dyra har fått namn også.

Eg har kalla dei for Nina, Miles, Kosinus, Peppa gris og Rara.

Men det er berre fem, og familien kjøpte sju høner?

Ja, vi har slakta to hanar, fordi dei hakka dei andre hønene i nakken.

Mykje kosetid

Då hønene og hanane flytta inn i hagen måtte Anna kose med dei så mykje som mogleg.

15nyhhøne4
HØNSEHUS: Anna sin pappa har bygd hus til hønene. FOTO: Privat

Det var for å temme dei. Slik at dei skulle bli snille, fortel Anna.

Ho fanga og klappa dei kvar dag, mange gongar om dagen.

Vi måtte ikkje skrike eller springe etter dei. Eg prøvde å lokke dei med mais, då kom dei ofte til meg.

Jobben Anna gjorde har faktisk gjort dyra så trygge og rolege at dei gjerne vil inn i huset til familien.

Når vi et middag kjem dei opp på terrassen og kikar inn stovevindauga, seier ho.

Hønene går ute heile dagen, og ruslar sjølv inn i huset på kvelden. Dei må lukke døra til hønsehuset på natta, slik at dyra ikkje blir tatt av rovdyr.

Egg i korga

Ein gong om dagen hentar Anna egg i hønsehuset som far hennar har bygd.

Det er jobben min. Det er ofte tre eller to egg der, brune og grøne.

Før hønene byrja å legge egg lurte naboane dei til å tru det endeleg hadde skjedd. Anna sin far kom ropande inn i huset med tre kritkvite egg i handa. Mor til Anna ba han snu egga og sjå nøye på dei. Då såg han at det var butikkegg med stempel på. Og alle fekk seg ein god latter.