SJÅ VIDEO: Kan ein dressere kattar?

Det er heilt vanleg å dressere hundar, men kan ein dressere kattar til å hoppe, eller sitje slik vi gjer med hundar?

Framtida junior bestemte seg for å finne ut av dette, men fyrst tok vi ein prat med Bjarne Braastad. Han er professor i åtferdsbiologi. Med andre ord kan han ein heil del om kattar og korleis dei fungerer.

Bjarne fortel at det er fullt mogeleg å dressere ein katt, men ein bør starte med dette når katten er liten. Det er også viktig at ein ikkje pressar katten, for katten fungerer best når han får gjere det av lyst. Ein må alltid gi katten noko godt å ete straks katten har gjort det ein vil få han til å gjere.

Ragnhild Sofie Selstø med hundekvalpen Saga som er ein Golden retriever. Her på bilete er Saga to månader.(Foto: Ragnhild Sofie Selstø)

Det er forskjell mellom katt og hund

Det som er forskjellen mellom katt og hund er at hundar ser på eigaren som leiraren av flokken, og vil veldig lett tilfredsstille sjefen.

For ein katt er det nesten motsatt. Katten bestemmer i stor grad sjølv, og ein må lokke katten til å få til det ein ønskjer.

Dressering tek tid

Med ein hundekvalp vil ein kunne lære hunden å sitje på ganske kort tid, men for ein katt er dette ei tolmodiheitsprøve, der ein må freiste med kattesnop, på same måte som ein må gi hundesnop til hundar.

I filmen møter du hundekvalpen Saga og den vaksne katten Beyoncè. Saga lærte ganske fort korleis ein skulle sitje, men for katten var det dessverre ganske vanskeleg. Dette kjem nok av at katten er vaksen, og har aldri blitt lært opp til dette.

Marianne Sævig, eigaren av Beyoncè, har berre brukt å lokke på katten når ho vil ha kontakt. Det fungerer nokså bra.

Beyoncè er ein fullvaksen omplasseringskatt og er ein blanding av vanleg katt og Perserkatt. Marianne Sævig tok over katten etter at dei fyrste eigarane vart allergiske.(Foto: Ragnhild Sofie Selstø).

Du må aldri tvinge eit dyr

Så då veit du at det er fullt mogeleg å trene opp kattar på lik linje med ein hund, men det er viktig å vite at ein aldri skal tvinge katten, eller dyr for øvrig, til noko dyret ikkje vil.

Ein godbit rett etter at du har fått hunden eller katten til å gjere det du vil, er med på å få dyret til å forstå at maten kjem fordi dei har gjort noko riktig.