Torarin (13): – Vi har fått ein søt kamelbaby

I januar skreiv vi om Torarin (13) og Svalin (16) frå Finnmark som ville ha hest, men i staden fekk to kamelar frå Mongolia. No har kamelane fått baby!

Det heile starta med at Torarin og Svalin hadde lyst på ein hest dei kunne ri på då dei var 9 og 11 år. Foreldra sa nei. Men, ungane kunne få mongolske kamelar, sa dei.

Kamelane flytta inn og fekk namna Bor og Bestla. I januar hadde filmen «Kamel» premiere på norske kinoar. Filmen kom etter at familien og kamelane deira blei filma i heile fire år.

Tysdag 12. februar vart kamelane stolte foreldre til vesle Vilje.

Dagen Vilje blei født var ein av dei beste dagane i livet mitt. Eg var på skulen, og rektor kom for å fortelje det, fortel Torarin.

Kamelar går gravid i tretten månadar, men vi visste ikkje at ho var gravid før for tre veker sidan, fortel han.

Vil ha fleire babyar

Då dei bestemte seg for å få kamelar som husdyr var det viktig for dei at kamelane ikkje var i familie – slik at dei kunne få barn.

KIKKAR INN: Pappa Bor ser på Vilje og Bestla. FOTO: Privat

Viss vi skal ha ein flokk som skal vekse må vi ha fleire kamelar, seier pappa Øystein.

No er mor og barn for seg sjølv inne i fjøset, slik at babyen får halde seg varm og tørr. Vilje ligg ved sida av mor si det meste av tida.

Ho treng morsmjølk, kjærleik og varme, seier Svalin.

Det er fyrste gong vi stenger dei inne, bortsett frå når det har vore storm, fortel Øystein.

Dei har opna vindauget, slik at kamelforeldra kan snakke med kvarandre.

Faren heng med hovudet inn vindauget nesten heile tida, fortel Øystein.

Tørka med fønar

Ingen i familien fekk med seg kva som skjedde morgonen Bestla fødte Vilje. Plutseleg høyrde Øystein jamring frå fjøset.

Då eg kom inn trakk Bestla barnet bortover golvet for å få ho ut av den posen ho låg i inni magen.

Øystein var redd kamelmora ville skade babyen, så han hjalp til med å få hol på posen. Babyen var nemleg allereie ganske kald.

Mora var ute medan eg tørka Vilje med fønar. Vi laga til eit hjørne med reinsdyrskinn og ulltepper, og varmelampe. Når mora kom inn att var ho plutseleg avvisande mot babyen, fortel han.

NYFØDT: Her var Vilje berre nokre timar gamal. FOTO: Privat

Øystein måtte gi Vilje ei flaske med råmjølk frå ei ku, men ganske raskt var mora klar att, og Vilje fekk drikke mjølk av henne.

No tenkjer familien på om dei skal prøve å hente fleire kamelar, og aller helst frå Mongolia.

Då den mongolske gjetaren Adiya var her, gav han oss ei gåve. Han gav oss ein kamelbaby! Men den må vi hente i Mongolia.

Då må vi fly til Mongolia, og så køyre med lastebil gjennom heile Russland tilbake til Finnmark, fortel pappa-Øystein.