10 viktige tips frå brannkonstabel Lise:

Brannkonstabel Lise Åsheim er mamma til Carmen Åsheim Karlsen (6) og Lilly Åsheim Karlsen (8). Her er ti ting alle barn må vite.

  • Ikkje gøym deg, sjølv om det som skjer er skummelt.
  • Varsle ved å rope så høgt du kan, og hald deg til planen familien din har laga.
  • Det viktigaste er å rope «brann» og komme seg ut til avtalt plass. Skulle du gløyme alt anna, er det det som er viktigast.
  • Overlat slukking til vaksne.
  • Ikkje tenk på å redde tinga dine.
  • Viss mogleg; lukk døra til rommet det brenn i, slik at brannen ikkje sprer seg.
  • Ha brannøving ein gong i året, helst to. Vi må snakke om det, og øve i lag, slik at vi alle hugsar kva som skal til om noko skulle skje.
  • Studer ein brannvarslar og lær deg korleis lyd den lagar.
  • Sjå på ulike slokkemedel i huset og kor dei er plassert, slik at du kjenner litt til det.
  • Lær deg kva du skal seie i telefonen når du ringer 110: Snakk roleg og tydeleg og fortel den som svarar: Namnet ditt, adressa di / kva kommune du bur i, og kva som har skjedd.

LES MEIR: – Vi har brannøving to gongar i året