– Vi har brannøving to gongar i året

Brannkonstabel Lise Åsheim er mamma til Carmen Åsheim Karlsen (6) og Lilly Åsheim Karlsen (8). Dei har snakka grundig om kva dei skal gjere viss det byrjar å brenne i huset.

Det er veldig viktig at vi ikkje gøymer oss viss det brenn, seier Lilly.

Viss det brenn i 2. etasje, der jentene har romma sine, har dei lært at dei skal rope. Då får alle i huset vite om det, og på den måten kan dei samlast ute på den avtalte møteplassen.

Vi har avtala at alle møter ved blåbærbusken, fortel Carmen.

HER SØV JENTENE: Lilly og Carmen har rom i 2. etasje. Foto: Janne Nerheim

Viss ingen vaksne er heime, må vi springe til ein nabo og seie at det brenn, så dei kan ringe 110. Det er viktig at vi prøver å ikkje få panikk. Difor må alle øve på dette, seier Carmen.

Redde, varsle, slokke

Å redde, varsle og slokke er tre ting vi alle må tenke i ein slik situasjon. «Å redde» tyder at vi må varsle alle som er i huset om at det brenn, «å varsle» tyder at barna må springe til naboen for å be dei ringe 110, eller ringe 110 sjølv viss dei har telefon. «Å slokke» skal vaksne eller brannvesenet ta seg av, seier Lise.

Familien har nyleg bygd ut huset, så difor har dei ikkje fått brannstige ned frå 2. etasje på plass enno. Det betyr at jentene som bur oppe må komme seg ut vindauga.

Viss det byrjar å brenne i trappa må vi vaksne springe ut, sette opp ein stige, og få jentene ut der, seier Lise.

Så, akkurat no skal vi berre stå ved vindauga viss det blir brann nede i 1. etasje. Så hentar mamma og pappa oss ut, seier Lilly.

MÅ OPNE VINDAUGA: Familien har nyleg bygd ut huset, så difor har dei ikkje fått brannstige ned frå 2. etasje på plass enno. Det betyr at jentene må komme seg ut vindauga og ned ein stige. Foto: Janne Nerheim

Vi får ikkje ta med oss leiker og andre ting ut, fortel Carmen.

Mykje å tenkje på

Familien snakkar også om kva dei må gjere for å hindre at det skal bli brann heime.

Vi får ikkje tenne levande lys, og vi brukar ikkje komfyren om vi er åleine heime, fortel Lilly.

Vi vaksne får klar beskjed frå ungane om vi lar mobilladaren stå i stikkontakten på kvelden. Den må vi dra ut på natta, seier Lise.

Mobilladarar kan nemleg bli varme og ta fyr.

Åleine om morgonen

Det hender at jentene er åleine heime nokre minutt om morgonen.

Ein morgon sa eg «vi må snakke om kva de gjer viss det blir brann» litt fort då eg var på veg ut døra. Det skulle eg ikkje gjort. Det er viktig at foreldre tek seg tid til å snakke om dette på ein måte som ikkje gjer det skremmande, seier Lise.

Lise meiner vi må kunne snakke om brann utan å bli redde. Det er jo heldigvis ikkje ofte det brenn. Men uansett er det godt og trygt å vite kva vi skal gjere viss det skjer.

ÅLEINE HEIME: Det hender Carmen og Lilly er åleine heime nokre minutt om morgonen. Foto: Janne Nerheim