Kvart år, i takt med at elva Torne frys til is, vert det laga eit nytt ishotell i den vesle landsbyen Jukkasjärvi nord i Sverige. Det har kunstnarar gjort kvar vinter i heile 27 år.
Men korleis kan ein sove i eit så kaldt hotell?
Når gjestar kjem til hotellet får dei kurs i å overleve i kulden. Der blir dei fortalt korleis ein skal kle seg og bruke soveposen på rett vis. Soveposen er laga for å tåle 25 minusgrader, men hotellet har ein jamn temperatur på 5 minusgrader, så det går fint å sove i den, oppå eit skinn frå eit reinsdyr.
Kantgrop er den nye snøhola
Har du laga snøhole i vinter? Eller kantgrop? Ei kantgrop skal ifølgje ekspertar vera tryggare enn ei hole. Her er oppskrifta på korleis du lagar ei slik. Kantgropa kan du nemleg grave ut i skråningar med mindre snø enn du treng til ei snøhole.
Slik gjer du:
- Du startar med å grave nedover. Lag ei grøft i hoftehøgde eller djupare. Du skal så vidt kunne snu deg i grøfta. Du kan stå oppreist og kaste snøen ut av grøfta.
- Når du står i grøfta kan du grave ut ein snøbenk til å liggje på. Grav på skrått nedover og innover frå toppen.
- Til slutt legg du eit tak av avlange snøblokker over opninga på toppen.
(Kjelde ut.no)
SJÅ VIDEO: Slik lagar du ei kantgrop på trygt vis. Det er viktig å tenke tryggleik her.