Endeleg er skulen i Libanon open

I starten av oktober visste ikkje flyktningbarna om det blei skule dette året. Men no har skulen i Sawaisa fått inn nok pengar til å opne!

Psykolog Solfrid Raknes er i Libanon for å hjelpe barna som går på ein av hjelpeorganisasjonen MAPS sine ni skular. Solfrid har snakka med Kouther (13), Shehada (13) og Hassan al Baseri (12) om skule, tryggleik og samarbeid.

– Å vakne opp og vite at eg skal på skulen gjer meg så glad. Då eg vakna på morgonen i dag, gleda eg meg til å ha engelsk. Eg likar å møte vener, vite at eg får vera aktiv, og å lære av lærarane. Ja, i grunn likar eg alt ved skulen, seier Kauther.

Trygt og utrygt

– Sport er det eg likar best. Vi kan spele fotball her, og det er trygt. I sommar var det keisamt. Vi hadde ikkje noko å gjere når skulen var stengt. På skulen er det gøy, med skriving, samarbeid og leik. Det er heilt trygt her, fortel Hassan.

– Kva er trygt, og kva er utrygt?

– Utdanning gjer oss tryggare. Berre tenk; viss du er vaksen, og du får ein arbeidskontrakt – og så kan du ikkje lese den! Du treng utdanning for å lese, skrive, sørge for familien, og ha ei framtid, fortel Shehada.

Dei fortel at det utrygge er at folk dei kjenner vart angripe i krigen. Dei veit om fleire barn som har mista foreldra sine, eller som er blitt gift medan dei framleis er barn.

Tene eigne pengar

Kauther vil ikkje gifte seg før ho blir minst 20 år.

– Eg vil bli kirurg, og da må eg ha utdanning før eg får barn! Jenter som gifter seg tidleg, før dei lærer å lese og skrive, har lite å lære bort til barna sine, fortel ho.

Kauther meiner jenter må få tene eigne pengar.

– Vi har faktisk rett til å ikkje gifte oss før vi blir 18 år, fortel ho.

Ho har allereie fortalt at ho vil lære og far hennar ser at ho er flink.

– Eg vågar å seie det eg meiner. Far min veit eg har mine eigne sterke meiningar, fortel Kauther.

FOTO: Privat

Gode på samarbeid

Psykolog-Solfrid viser fram FN sitt berekraftmål nummer fire: «Rett til utdanning». Barna veit at alle barn har rett til utdanning.

– Men det er ikkje alle som er så heldige som oss. Eg kjenner mange som ikkje går på skule. Eg blir trist når eg tenker på dei som ikkje får gå på skule, seier Hassan.

Berekraftmål nummer 17 er «Samarbeid for å nå måla».

– Samarbeid er fotball! Når vi samarbeider på bana, blir vi betre vener. Du oppnår

ikkje noko om du berre tenkjer på å skåre sjølv. Vi vinn når vi spelar godt på lag – og

det gjer vi her på skulen.

Hassan likar aller best å spele fotball.