Vil at nissen skal endre sitt mest kjente spørsmål

Vi kan ikkje stemple barn som snille eller slemme. Dei er gode nok slik dei er, seier psykolog-Elisabeth til NRK.

– Barn møter forventningar og blir korrigert for ukorrekt oppførsel frå alle hald, heile tida. Vi har råd til å frede julaftan frå dette evige prestasjonsjaget, skreiv Ellen Elisabeth Dittmann-Monsen i ein kronikk i Tønsbergs Blad.

Ho er mor og pedagogisk-psykologisk rådgjevar. No tek ho eit oppgjer med julenissen.

Klokare ord

– Vi må rettleia nissen til å seie noko klokare, som til dømes «Er det nokre spente barn her?».

Elisabeth tenkjer tilbake på sin eigen barndom. Då fekk ho det same spørsmålet.

– Eg hadde gjort mykje ugagn heile året. Det som skjedde, var at eg svara ja på nissen sitt spørsmål og følte eg laug og ikkje var snill, seier ho.

Elisabeth får støtte av «Gamlenissen» på Stenbjørnrød gard i Horten, eller Svein Johan Lindstad, som han kallar seg resten av året.

– Enkelte foreldre brukar nissen til å skremme ungane. Dei seier at ungane ikkje får gåver viss dei ikkje er snille. Men kva er snill? Alle barn er snille med mindre foreldra er skuld i noko anna, seier han til NRK.

Tenkjer på andre ting

Det er ikkje alle psykologar som er bekymra for nissen sitt spørsmål. Barnepsykolog Elisabeth Gerhardsen tvilar på at mange barn tenkjer over om dei har vore snille på julaftan.

– Barn les kroppsspråket til dei vaksne, og når det er god stemning på julaftan, så tenker dei på andre ting, seier Gerhardsen.