Desse jentene trenar handball klokka 06.00 om morgonen

Dei aller fleste søv klokka seks fredag morgon. J13 i Åkra IL har allereie hoppa i treningskleda og er i full sving med å kaste ball.

Sidan oktober har dei stått opp tidleg for å gå på håndballtrening.

– Det er tungt og det er ikkje alltid vi har lyst viss vi har lagt oss seint, innrømmer Ingeborg Sollesnes til Karmøynytt som fyrst omtala saka.

God start

– Det er heilt forferdeleg å stå opp, men etter trening så har vi kjempemykje energi på skulen og det er kjekt, fortel Amalie Ytreland Munkejord (13).

Etter trening og dusj et dei frukost saman i hallen. Det er foreldre som stiller opp for å lage klar frukosten.

No skal det byggast ny hall til idrettslaget, men jentelaget vil ikkje kvitte seg med morgontreninga sjølv om det blir mogleg å trene på andre tider.

– Eg vil ikkje det. Det er kjekt at vi står opp tidleg. Då får vi noko ut av dagen, seier Amalie.

Nøgd trenar

Trener Siv Tveit forventa ikkje at så mange ville stå opp. I haust har det vore 24 jenter på morgontreningane. Ho likar at jentene får ein stille hall der dei kan konsentrere seg fullt og heilt om treninga. Og frukosten er også viktig.

– Frukost etter trening er kjempebra, fordi det er sosialt og bygger laget litt. Vi har ikkje mobilar på bordet heller. Vi prøver å ha ein okei frukost og prate med kvarandre, fortel ho til Karmøynytt.