I 2017 auka talet på busette i tettstadar med 44.800 folk. No bur heile 4.228.000 nordmenn i tettbygde strøk, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Desse folka er fordelt på 994 tettstadar i heile landet, skriv Forskning.no.
Men kva er ein tettstad?
Statistisk sentralbyrå skildrar ein tettstad som ei samling hus der det bur minst 200 personar. Det vil seie rundt 60-70 bustadhus, og der avstanden mellom husa normalt ikkje er meir enn 50 meter.
Men vil dette ende med at alle bur i ein tettstad til slutt?
– Nei, det vil aldri skje. Det kjem alltid til å vera nokon som av ulike grunnar vil eller må bu på plassar der det er langt mellom naboane, seier seniorrådgivar Even Høydahl i SSB.