Kvifor kjem det røyk frå munnen om vinteren?

No er vinteren rett rundt hjørnet og med vinteren kjem kulda. Då kan ein oppleve at det kjem noko som liknar røyk ut av munnen vår når vi pustar. Visste du at du lagar dine heilt eigne skyer?

Det er nemleg slik at lufta vi pustar ut frå lungene våre er mykje varmare, og meir fuktig enn lufta ute. Vinterlufta er ofte kald og tørr, i motsetjing til lufta som kjem frå kroppen. Når pusten vår treff den kalde lufta dannar det seg noko som heiter kondens.

Kondens er når lufta blir omdanna til væske.

Kanskje du har tenkt på det når du er på veg til skulen, venter på bussen eller berre går ein tur – at røyken frå munnen din nesten liknar på skyer. Og det er heilt rett!

Skyene av røyk som kjem når du pustar oppstår på same måte som skyene på himmelen.

Sola skin på vatnet på jorda slik at vatn blir til vassdamp.
Vassdampen flyg opp til himmelen og blir til vassdråper.

På same måte varmar pusten din lufta ute og dannar små vassdråpar, som igjen blir til små skyer når vi pustar ut.

Så på kalde dagar pustar du ut dine heilt eigne skyer! Ganske stilig!