Område like stort som Frankrike kan bli avskoga

Den nye landbruksministeren i Brasil opnar for å hogge ned store delar av regnskogen i Amazonas og den brasilianske cerradoen.

Regnskogen er viktig for mange dyr og planter. Verdas regnskog gir liv til 260 millionar menneske og kanskje så mykje som 80 prosent av landjordas dyre- og plantearter. Cerradoen er ein tropisk savanne i Sør-Amerika. Den utgjer 22 prosent av Brasil sitt landareal.

– Det kan bli naudsynt å hogge ned nye område av brasilianske skogar og andre økosystem for å utvide jordbruksproduksjonen, seier Tereza Cristina i eit intervju med avisa Globo.

Vil ikkje bevare miljøet

1. januar blir Cristina Brasil sin nye landbruksminister i den nyvalte presidenten Jair Bolsonaro si regjering.

Organisasjonar som jobbar for å bevare miljøet, er sinte. Landbruksministeren har nemleg sagt at ho vil avskoge og gjere mindre for å ta vare på miljøet.

Eit område som er 730.000 kvadratkilometer – eit område like stort som Frankrike, står i fare for å bli avskoga.

Cristina seier at alle må følge loven, men loven i Brasil er veldig vanskeleg å forstå, og den endrar seg frå område til område. Enkelte plassar har bøndene lov å hogge ned heile 80 prosent av skogen.