I kvalen sin mage blei det ifølgje nyhendebyrået Reuters funne nesten seks kilo plast – mellom anna 115 koppar, plastflasker, plastposar og sandalar, skriv Dagbladet.
Kvalen blei funnen i Wakatobi nasjonalpark – eit område som er kjent for store korallrev og eit rikt dyreliv.
– Grusamt
Dwi Suprapti i WWF fortel til nyhendebyrået Associated Press at det er vanskeleg å slå fast kva som tok livet av kvalen, men at funnet likevel er rystande.
– Det er verkeleg grusamt, seier ho.