«Space case» er klare for First Lego League

Laget frå Sagvåg deltar i turneringa for Haugalandet laurdag 10. november.

First Lego League
  • FIRST LEGO League er ein kunnskapskonkurranse for barn og unge mellom 10 og 16 år.
  • Konkurransen går ut på å forska på og føreslå løysingar på ein aktuelle utfordringar.
  • Verda rundt er det over 320.000 deltakarar med på 40.000 lag i 98 land.
LES FAKTALUKK FAKTA

Laget «Space case» skal konkurrera mot ni andre lag i First Lego League-turneringa. I heile Skandinavia er det 44 turneringsbyar.

Deltakarane skal laga nyskapande løysingar på problem, designa og programmera ein Lego-robot, og marknadsføra løysinga og laget sitt.

– Me har jobba nesten kvar dag etter skulen den siste tida. Det blir gøy å vera med på turneringa, fortel Elisabet Meyer Eide (11 1/2 år).

«Space case» har jobba intenst med prosjektet deira i ein månad. Mellom anna har dei laga ei løysing som skal samla opp romsøppel frå verdsrommet.

Dei har mellom anna kontakta firmaet Nammo som jobbar nettopp med dette, og me har òg vore i kontakt med astronaturen Christer Fuglesang.

– Det har vore veldig gøy å jobba med dette. Mykje har me funne på internett, fortel Eskil Selevik Fjose, som fyller 11 år søndag 11. november.