Haiti har under 1 prosent att av urskogen

Forskarane fortel at Haiti er eit av dei mest avskoga landa i verda.

Kva er urskog?
  • Ein urørt skog.
  • Skog som ikkje er blitt utsett for menneskeleg utnytting, som jordbruk og skogbruk.
  • Skogen er forma naturleg, og ikkje påverka av menneske.
  • Mange urskogar er truga av øydelegging grunna trehogst.
  • 1400 år er ikkje ein uvanleg alder for dei eldste trea i ein urskog.

(Kjelde: Wikipedia)

LES FAKTALUKK FAKTA

For 30 år sidan var rundt 4,5 prosent av Haiti dekka av gammal regnskog. No er det berre 0,32 prosent att, ifølgje ein ny studie publisert i tidsskriftet PNAS. Forskarane fortel at Haiti er eit av dei mest avskoga landa i verda, skriv Forskning.no.

Dyrelivet

Den gamle regnskogen betyr svært mykje for dyrelivet. Fleire dyreartar forsvinn saman med avskoginga. I undersøkinga kom forskarane fram til at heile 42 av 50 av dei største fjella har mista den gamle regnskogen.