Berre 3890 ville tigrar att i verda

No kan ei ny kinesisk lov føre til at endå fleire tigrar vert drepne.

Kinesiske myndigheiter har nemleg sagt ja til medisinsk bruk av produkt frå tigrar og nashorn, skriv Aftenposten. 

– Eit grusomt vedtak. Det er krise, seier Greenpeace-sjefen.

Snikskyttarar

Kun 3890 tigrar lev fritt i verda i dag, ifølgje Verdens naturfond (WWF). Snikskyttarar er ute etter både ville tigrar, men også dyra som lev i reservat. Der skal dei vere trygge, men fleire og fleire vert drepne i reservata og.

Det har vore forbode å kjøpe og selge produkt frå tigrar og nashorn dei siste 25 åra, men no er det altså mogleg å bruke delar av dyra til medisin, ifølgje det statlege nyhendebyrået Xinhua.

Dette er Greenpeace-sjefen overraska over, fordi Kina mellom anna sa ja til eit forbod mot elfenben i 2016.