Her finn du tips til aktivitetar i avisveka

Veke 44 er det nasjonal avisveke for elevar over heile landet.

Ikkje alle får intervjua statsminister Erna Solberg, som Hakeem og Diana fekk gjera for Framtidajunior.no hausten 2017. Men i videoen over fortel junior-journalistane litt om korleis det er å intervjua Noregs mektigaste, og det kan vera med på å visa at det ikkje er så farleg å intervjua folk dei ikkje kjenner når dei skal laga skuleavis.

Her finn du ei oppskrift på korleis elevane kan laga ein nyhendeartikkel: https://framtidajunior.no/2018/09/20/slik-lagar-du-ein-nyheitsartikkel/

Her finn du ei oppskrift på korleis elevane kan skriva bokmeldingar: https://framtidajunior.no/2018/08/09/slik-skriv-du-bokmeldingar/

Her finn du oppskrift på korleis elevane kan skriva lesarbrev til oss: https://framtidajunior.no/2018/07/11/skriv-lesarbrev-om-noko-som-er-viktig/

Dette siste tipset kan passa til læreplanmålet om å gjere greie for kva for moglegheiter, plikter og rettar barn og unge har til medverknad.

Og her kan elevane lesa vår mest lesne artikkel, som forklarar godt kva falske nyhende er for noko: https://framtidajunior.no/2017/12/12/falske-nyhende-er-som-rykter-skulegarden/

Mediekompasset er arrangør av Nasjonal avisveke og har mange tips på nettsidene om korleis ein kan jobba med aviser i avisveka.