Unge er kritiske til at media nesten berre gir oss dei dårlege nyheitene

Er du ung i dag er det lett å tru at det berre skjer forferdelege hendingar i verda. Men, gjer det eigentleg det?

Krig, katastrofar og forferdelege nyheiter kan du lesa og høyra om i media kvar einaste dag. Det er ikkje så ofte dei gode nyheitene vert vist fram.

Ifølgje ei undersøking som Redd barna Ungdom og Changemaker har gjort, vil 9 av 10 unge gjerne høyra fleire positive nyheiter om verda. Like mange unge seier at dette kan styrka trua deira på at ei betre framtid er mogleg. Og like mange unge seier at dei sjølv blir positivt påverka av positive nyheiter.