Randulle: –  Eg tek gode pausar i gaminga

Éin av fire gutar synest dei speler for mykje. YouTube-stjerna Randulle speler òg mykje, men gløymer ikkje å trilla ball ute.

FAKTA: Om speling

1 av 4 gutar og 1 av 7 jenter synest dei speler for mykje spel.

1 av 7 gutar og 1 av 5 jenter synest dei speler for lite spel.

1 av 3 synest dei bruker for lite tid på å treffe venner utanfor internett.

Kjelde: Medietilsynet

LES FAKTALUKK FAKTA

Det er no eg set inn høggiret når det gjeld å produsere videoar til YouTube-kanalen min, så det blir meir speling om hausten, fortel Sander Austad Dale (20).

På YouTube kallar han seg Randulle, der han har heile 120.000 abonnentar. Hausten er lanseringstid for nye spel, så no kosar Sander seg.

Det blir mykje speling

Gutar mellom 9 og 15 år speler i snitt 84 minuttar per dag, ifølgje nye tal frå SSB. 20-åringen Randulle har gjort det til ein jobb å spele.

Eg må innrømme at det blir mykje gaming no. Men, desto meir tenkjer eg på at eg sit mykje stille, og at eg må komme meg ut for å bevege meg. Eg trillar gjerne litt ball med gutane, fortel han.

Lyttar til kroppen

Sander er også opptatt av å lytte til kroppen om han er svolten.

Eg tek meg gjerne ein gåtur bort på butikken, og fiksar meg noko digg der. Smoothie løyser verdsproblem for meg. Eg miksar gjerne frukt og grønt, fortel han.

Han syns det er meir fristande å velja usunn mat i helgene, men et sunt i kvardagen.

Sunn mat er jo betre enn kjapp, usunn mat. Viss du tenker litt over kva du vel som snacks til gaminga, så er det lett å velja noko sunt i kvardagen, seier Sander.