Harper (9) nekta å reise seg for nasjonalsongen

Harper Nielsen (9) vart sitjande då nasjonalsongen i Australia vart spela på skulen. Det gjorde ho for å støtte urbefolkninga.

Harper bur i Australia saman med familien sin. Ho valde å bli sitjande då nasjonalsongen vart spela på Kenmore South State School i Brisbane, melder CNN.

Respektlaus

Hendinga fekk stor merksemd i Australia, og Harper har forklart at ho vart sitjande fordi ho er ueinig i noko av det som står i nasjonalsongen. Ho meiner songen er respektlaus mot urbefolkninga i landet.

Urbefolkninga i Australia heiter aboriginar. Dei har vorte svært dårleg behandla opp gjennom åra. I Noreg har er samane vår urbefolkning. Her i Noreg har også samar vorte dårleg behandla, noko både kong Harald og statsminister Erna Solberg har unnskylda.

Unge og fri

I teksten til nasjonalsongen «Advance Australia Fair» står det: «Australiere, la oss alle glede oss, for vi er unge og fri».

– Når det står i teksten at «vi er unge», så gløymer vi urbefolkninga som var her for 50.000 år sidan, seier Harper Nielsen til CNN.

No meiner nokre av landets politikarar at Harper ikkje skal få gå på skulen.

Sint politikar

Høyrepolitikaren, senator Pauline Hanson, gjekk ut i sosiale medier for å seie at ho meiner skulane «hjernevaskar elevane». Ho seier i ein video at Harper ikkje bør få fortsette på skulen.

Leiinga på skulen til Harper har sagt at det aldri har vore på tale å nekte ho å halde fram på skulen. Og far hennar, Mark Nielsen, har sagt han er stolt av at Harper er så modig.