Nye lovar i norsk skule

Her er to lovar som er gjeldande frå 1. august i år.

Fleire lærarar

Frå 1. august i år skal det vere éin lærar per 16 elevar i 1. – 4 trinn, og éin lærar per 21 elevar i 5. – 10. trinn.

Forbod mot heildekkande ansiktsplagg i skulen

Frå 1. august i år er det forbode å bruke nikab, burka og andre plagg som dekkjer ansiktet i skulen. Dette har Stortinget vedteke. Forbodet gjeld for elevar, studentar og tilsette. Hijab er framleis lov å bruke.