No er det forbode å bruke nikab og burka på norske skular

Noreg er det fyrste landet i Norden som innfører eit forbod mot ansiktsdekkande plagg i undervisninga.

BURKA: To kvinner frå Afghanistan med burka. (Foto: Wikipedia / Steve Evans / CC BY 2.0)

Forbodet gjeld ikkje hovudplagg som hijab og huer.

Forbodet mot burka og nikab skal gjelde for elevar, studentar og ansette i barneskular, ungdomsskular, videregående skular, folkehøgskular, fagskular, høgskular og universitet. I barnehagar vil forbodet berre gjelde dei som jobbar der, og ikkje for barna, skriv Dagbladet.no.

Den nye regelen vil også gjelde for opplæring som innvandrarar må gå på.

  • Burka er eit ankellang, heildekkande drakt med hekla gitter framfor auga.
  • Nikab er eit plagg som dekkjer ansiktet heilt, utanom auga.
FRAMLEIS LOV: Ei jente med hijab, som er lov å bruke. (Foto: Wikipedia / Christiaan Briggs / CC BY-SA 3.0)

I Danmark har dei innført forbod mot burka og nikab. Den nye regelen trer i kraft frå 1. august. Brot på regelen kan føre til ei bot på 1000 danske kroner.

Kva tenkjer du om den nye regelen?

Send inn!

Please enter your comment!
Please enter your name here